Close
Du har ingen varer i handlekurven.
Søk

Helle

3 Items in Nett 4 Items in Nett Liste

Helle Gro

Helle meiner at enkelt kan vere både vakkert og funksjonelt. Vår nye startknivar Gro og Spire er laga som eit svar på utfordringa: korleis skal ein enkel og funksjonell Helle-kniv vere? Med kniven Gro har vi designa og laga ein kniv som er enkel på alle dei riktige måtane. Eit funksjonelt skaft i god vestnorsk bjørk som passar til mellomstore og store hender, med ergonomisk form og solid fingerstoppar. Eit mellomstort blad i solid 12C27 knivstål som er forma for å fungere til det meste ein treng ein kniv til på tur. Og ei flott slire i naturell lær med eit vakkert motiv prega på. Dette er kniven for alle som ønsker ein solid brukskniv frå Helle, ein kniv ein kan bruke og vekse saman med - og som ein kan seinare kan nytte til å lære vekk det ein sjølv har lært seg. Gjerne til nokon som nyttar ein kniv som liknar. Designet er laga med tanke på sparsommeligheit. Dette er ein god, gamal norsk verdi som vi meiner er verdt å ta vare på. Difor har vi brukt gode, tradisjonelle og velutprøvde materiale, og fokusert på å utnytte deira styrker maksimalt. Resultatet talar for seg sjølv.
kr 799,00

Helle GT

Stor kraftig og god turkniv. Vår bestselger
kr 1 699,00

Helle Knivblad GT H3LS

Knivblad i Helle sitt laminerte trelagsstål med klassisk skandinavisk sliping. Knivbladet er det same som er brukt i kniven "GT".
kr 449,00

Helle Knivblad Hellefisk 12C27

Trippel laminert rustfritt stål. Fantastisk flott blad til håndtering av fisk og matlaging Anbefales
kr 299,00

Helle Knivblad Temagami 14C28N

2022-versjonen av den klassiske Helle Temagami kjem med Sandvik 14C28N rustfritt stål, for å tilpasse kniven til dei vanlegaste bruksområda.
kr 599,00

Helle Knivblad Viking H3LC

Knivblad i karbonstål med klassisk skandinavisk slip og laminert stål. Dette knivbladet er brukt i knivmodellen "Viking".
kr 349,00

Helle Mandra FG

Då Helle bestemde seg for å lage ein full flatgrind-kniv, var Mândra det opplagde valet. Den er liten, velproporsjonert og har ei bladform som inviterer til kutting. Den passar i lomma, på beltet eller rundt halsen, alltid tilgjengeleg når du skal sanke, skjere, hakke, eller lage mat. Nye Mândra FG er den ultimate allround-kniven for turgåaren som liker matpausane like mykje som sjølve turen.
kr 1 649,00

Helle Nipa

Helle Nipa bygger videre på den klassiske foldekniven Kletten. Nipa er litt større, med et handtak i handpussa masurbjørk. Kniven bruker det samme klassiske stålet som Helle bruker, Sandvik 12C27
kr 1 699,00

Helle Nord

Nord er meir enn berre ei retning. Nord representerer styrke, mørket om vinteren og lyset om sommaren. Dei ekstreme endringane i naturen mellom årstider, tilknytninga til naturen og effekten den har på oss. Det er slik vi hjå Helle ser på oss sjølve som ein del av kulturen i nord. Nord-kniven er utvikla for å møte behova som finns i den skandinaviske villmarka. Den har utspring i knivmakar-tradisjonen hjå Helle, men med Nord har vi tatt ting eitt steg vidare. Kniven kombinerer historia vår med korleis vi har utvikla oss som ein ny friluftsgenerasjon. I dag brukar ein ofte kniv på andre måter enn våre forfedre ville ha gjort. Med eit 3,7 mm tjukt og skinande blankt Sandvik 14C28N-knivblad, vil denne kniven ta dei fleste utfordringar på strak arm. Den er framleis tynn nok til å skjere med, og den er sterk nok til å handtere alle dei eventyra du har tenkt deg ut på. Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte, med snorhol oppe og nede.
kr 2 399,00

Helle Raud M

Raud kombinerer slitestyrke og praktisk bruk - klassiske eigenskapar med skandinaviske arbeidsknivar og ein viktig del av Helle si historie. I år lanserer vi endå fleire foldeknivar innanfor same konsept. Raud M er litt større enn S-versjonen, men likevel liten nok til å ha i lomma. Kniven kombinerer lettvekt med solid konstruksjon og eit 2,7 mm tjukt knivblad. For normale hender er handtaket i olja raudbjørk akkurat stort nok for eit grep med fire fingrar. Raud M kjem med avtakbar klips for sikker handtering.
kr 1 099,00

Helle Spire

Bladet er laga i knivstålet 12C27, og er lite og skarpt, slik at sjølv uerfarne brukarar skal føle på kontroll, mestring og glede ved bruk heller enn den frustrasjonen som sløve eller for store knivar fører med seg. Tuppen er runda, men ikkje butt.
kr 549,00

Helle Tollekniv

Tollekniv er ein særs tradisjonell norsk kniv med bjørkeskaft og framholk.
kr 649,00